Vedtekter for foreining
Sist oppdatert: 5. august 2024.
Vedtektene til eit lag eller ei foreining kan omtalast som lovane og reglane medlemmene har vedteke å følge.
Vedtektene bør innehalde
- namnet på foreininga
- formål
- reglar for foreininga sitt styre og årsmøte
- reglar for medlemmene sitt forhold til foreininga
- reglar for endringar av vedtektene
- reglar for opphøyr
- informasjon om at foreininga er sjølveigd (at ingen kan disponere foreininga si formue, har krav på utdeling av overskot eller hefte for gjeld)