Maskinell saksbehandling
Sist oppdatert: 11. november 2024.
Stadig fleire av meldingane du sender til oss blir registrert automatisk og du vil få svar innan ein time.
Sender du inn ei melding via Samordna registermelding, blir fleire av desse automatisk registrert hos oss.
Desse meldingane blir behandla maskinelt
Registrering av nytt enkeltpersonføretak
Dersom desse kriteria er oppfylte vil meldinga om registrering av enkeltpersonføretak bli behandla maskinelt:
- det er bruka fast tekst for aktivitet/bransje i Samordna registermelding
- meldinga inneheld ikkje vedlegg
- meldinga elles er riktig utfylt og fører ikkje til manuell saksbehandling
Endringar i Einings- og Føretaksregisteret:
- rekneskapsførar
- dagleg leiar
- kontaktperson
- forretningsførar
- revisor si fråtreding
- styrefråtreding
- signatur
- prokura (registrerast berre på næringsdrivande verksemder)
- forretningsadresse
- postadresse
- e-postadresse
- heimeside
- telefon
- mobiltelefon
- tilsette
- målform
- sletting av enkeltpersonføretak
- gjennomføring av fusjon mellom mor/dotterselskap
- gjennomføring av fusjon mellom selskap eigd av same eigar
Om du sender inn fleire meldingar om gjennomføring av fusjonar på same dag, vil berre første gå til maskinell behandling.
Endringar i Frivilligregisteret:
- Ønsker ikkje at vedtektene skal vere registrert
- Registrering av nytt eller endring av kontonummer
- Kontonummer går ut (for dei som ikkje deltar i grasrotordninga)
- Ønsker ikkje deltaking i grasrotdelen
- Foreininga ønsker å rapportere årsrekneskap
- Foreininga ønsker ikkje lenger å rapportere årsrekneskap
- Endring av avslutningsdato for rekneskap
Dersom du ikkje får svar innan ein time
Det finst nokre få område der vi ikkje behandlar enkle meldingar maskinelt, for eksempel når endringsmeldinga inneheld eit vedlegg. Det kan også vere dersom de har sendt inn ei anna melding som ligg til behandling hos oss, eller om det er manglar knytt til saka. Ved melding om gjennomføring av fusjon vil du ikkje få svar innan ein time.
Dei fleste som sender inn meldingar som blir behandla maskinelt vil få svar innan ein time. Likevel har vi systemoppdateringar i løpet av døgnet som kan påverke kor raskt du får svar. Det betyr at om du for eksempel sender inn laurdag ettermiddag, må du vente til måndag før du får svar. I andre tilfelle kan det vere at saka har gått til manuell behandling hos ein saksbehandlar, da kan du sjekke saksbehandlingstidene våre her.