Skal de sende årsrekneskapen for første gong?
Sist oppdatert: 23. februar 2024.
Verksemder som er stifta 30. juni eller tidlegare, må lage årsrekneskap for stiftelsesåret og sende det til Rekneskapsregisteret innan fristen, sjølv om det ikkje er drift eller aktivitet.
Verksemder som er stifta 1. juli eller seinare, kan velje å utarbeide årsrekneskap for stiftelsesåret eller slå det saman med neste år. Det er ikkje nødvendig å varsle Rekneskapsregisteret om dette. Årsrekneskapen kan maksimalt vere for 18 månader.
De må ikkje forveksla stiftelsesdatoen med registreringsdatoen i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret.
Du finn stiftelsesdatoen ved å søke i nøkkelopplysningar.