Kven har rekneskapsplikt?
Sist oppdatert: 7. august 2024.
Det er organisasjonsformen, storleiken på verksemda eller om de er underlagd tilsyn som avgjer om de har rekneskapsplikt.
Her finn du ei oversikt over kven dette gjeld
-
- Alle aksjeselskap (AS) og allmennaksjeselskap (ASA)
- Alle burettslag (BRL) og bustadbyggjelag (BBL)
- Alle stiftelsar
- Alle statsføretak
- Alle partreiarlag
- Ansvarlege selskap (ANS/DA) og andre deltakarliknande selskap som har
- over 5 millionar kroner i salsinntekt
- tal på tilsette som i gjennomsnitt er over 5 årsverk
- fleire deltakarar enn 5, eller
- deltakarar i form av juridiske personar med avgrensa ansvar
- Enkeltpersonføretak som har
- eigedelar med verdi over 20 millionar kroner, eller
- tal på tilsette som i gjennomsnitt er over 20 årsverk
- Samvirkeføretak og økonomiske foreiningar med over 2 millionar kroner i salsinntekt
- Andre foreiningar som i løpet av året har hatt eigedelar med verdi over 20 millionar kroner eller tal på tilsette som i gjennomsnitt er over 20 årsverk
- Eigarseksjonssameige med 21 eller fleire seksjonar
- Utanlandske føretak (NUF) som utøver eller deltek i næringsverksemd i Noreg eller på norsk kontinentalsokkel, og som er skattepliktig til Noreg etter norsk intern lovgiving
- Revisorar, rekneskapsførarar og eigedomsmeklarar og andre verksemder som er under tilsyn frå Finanstilsynet
- Andre som etter særskild føresegn, eller i medhald av lov, har rekneskapsplikt
Når rekneskapsplikta avheng av grenser for storleik, får de rekneskapsplikt når grensa er passert to år på rad. For at rekneskapsplikta skal falle bort igjen, må de kome under grensa to år på rad.
Verksemder som etter rekneskapsloven er små føretak, har forenkla rekneskapsreglar, og treng ikkje å utarbeide årsmelding.
Rekneskapsinformasjonen skal vere offentleg tilgjengeleg.