Elektronisk stiftelse av aksjeselskap
Sist oppdatert: 6. februar 2024.
Denne tenesta brukar du når du skal stifte eit aksjeselskap.
Du fyller ut og signerer, og får stiftelsesdokumentet rett i innboksen din i Altinn.
Du vil få hjelp til utfyllinga undervegs og opplysningar vert kontrollerte mot dei regelverka som gjeld. Tenesta gjer det enklare både for dei som skal stifte eit aksjeselskap for første gong og for dei meir erfarne. Ho passar like godt om du skal stifte selskapet aleine eller saman med andre.
Når er selskapet stifta?
Selskapet er stifta når alle har signert og dei får ei tilbakemelding i Altinn. Utfyllar, stiftarar (eventuelt fullmektige) og revisor får meldinga. Meldinga inneheld stiftelsesdokument, vedtekter og eventuelt utgreiing.
Registrering i Føretaksregisteret
Etter at selskapet er stifta må du sende ei registreringsmelding til Føretaksregisteret. Det er først når selskapet vert registrert her at det får eit organisasjonsnummer og ein firmaattest.
Fristen for registrering i Føretaksregisteret er tre månader frå selskapet er stifta.
For å registrere selskapet må du nytte lenka «Gå til registrering i Føretaksregisteret» som du finn i tilbakemeldinga i innboksen. Du vil då få ei registermelding som er fylt ut med opplysningar som er henta frå stiftelsesdokumentet. Stiftelsesdokumentet og vedtektene vil også vere lagde ved som vedlegg.
Med å bruke denne framgangsmåten vil saka bli tatt til behandling innan fem arbeidsdagar etter at ho er mottatt.
Avgrensingar i tenesta
Det er i denne versjonen ikkje mogleg å legge til andre avtalar mellom stiftarane enn dei som etter aksjelova § 2-4 skal gå fram av stiftelsesdokumentet.