Registrere eit aksjeselskap
Sist oppdatert: 26. mars 2025.
Eit aksjeselskap skal registrerast i Føretaksregisteret. Fristen for når vi må ha fått melding om registrering er tre månader frå stiftelsesdokumentet er underskrive.
To måtar å registrere aksjeselskapet
Når du skal registrere eit aksjeselskap, kan du velje å gjere dette i løysinga vår, Samordna registermelding, som du finn i Altinn.
Du kan også bruke ein av fire leverandørar, som i samarbeid med oss, tilbyr tenesta for å registrere aksjeselskap gjennom digital selskapsetablering.
Vedleggskrav
Når du skal registrere eit aksjeselskap må du sende inn fleire dokument.
Dokument du alltid må legge ved når du skal registrere eit selskap er
- stiftelsesdokument med vedtekter
- erklæring frå revisor, finansinstitusjon, bank, advokat eller rekneskapsførar som viser innbetalinga av aksjeinnskotet dersom dette berre består av pengar*
*Dersom finansinstitusjonen som stadfester innbetalinga høyrer til i ein EØS-stat, må du sende inn heile meldinga per post. Her kan du laste ned papirskjemaet.
Ved tingsinnskot (andre eigedelar enn pengar) må du legge ved
- utgreiing som er signert av stiftarane og stadfesta av revisoren
- erklæring frå revisor om innbetaling av aksjeinnskotet
Hugs å signere i skjemaet
Styremedlemmer og eventuelt revisor og rekneskapsførar må stadfeste at dei tar på seg vervet. Dette gjer dei ved å signere Samordna registermelding.
Desse vedlegga må leggast ved i nokre tilfelle:
- avtale om særskilde rettar, jf. aksjelova § 2-4
- avtale om stiftelsesutgifter, jf. aksjelova § 2-5
- godkjenning/konsesjon frå Finanstilsynet, dersom selskapet skal drive verksemd som bank, kredittføretak, finansieringsføretak, forsikringsføretak, pensjonsføretak, holdingføretak i finanskonsern, betalingsføretak eller e-pengeføretak