Korleis vel eg namn på verksemda mi?
Sist oppdatert: 1. juli 2024.
Her gir vi deg ei oversikt over kva du må tenke på når du vel namn på verksemda.
Når du vel namn må du passe på at namnet
- inneheld korrekt føretaksnemning, for eksempel må eit aksjeselskap ha med ordet «aksjeselskap» eller AS i namnet, og at dette er plassert sist i namnet
- ikkje er eigna til å villeie
- ikkje er eigna til å vekke forarging
- inneheld minst tre bokstavar
- ikkje er i strid med lov
- at namnet ikkje aleine består av navnet på eit land, fylke eller ein kommune
Eit enkeltpersonføretak eller eit ansvarleg selskap kan ikkje innehalde namnet til ein annan person enn namnet til innehavar eller deltakar. Namn på eit enkeltpersonføretak skal innehalde etternamn på innehavar.
Namnet på ei norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF) som skal registrerast i Føretaksregisteret, skal bestå av hovudføretaket sitt namn, og ha med føretaksnemninga NUF. NUF skal stå bakarst i navnet.
Er verksemda registrert i Føretaksregisteret?
Er verksemda næringsdrivande og registrert i Føretaksregisteret, må du i tillegg passe på at namnet ikkje er identisk med eit anna namn som er registrert i Føretaksregisteret. Unntak: Næringsdrivande NUF.
Det er lurt å sjekke om namnet er ledig. Dette kan du enkelt gjere på navnesok.no. Om namnet er opptatt må du velje eit anna namn eller skaffe ei samtykkeerklæring frå verksemda som har namnet.
Det er kompetent organ, for eksempel generalforsamlinga i verksemda, selskapsmøtet eller årsmøtet, som må vedta namnet. Om verksemda har vedtekter, selskapsavtale eller reiarlagsavtale, inneber namneendringa også endring der.
Du registrerer nytt namn ved å sende inn Samordna registermelding i Altinn. Du må legge ved
- protokoll frå kompetent organ, for eksempel generalforsamling
- eventuelt oppdaterte vedtekter/selskapsavtale/reiarlagsavtale
- eventuelt samtykkeerklæring frå rettshavar ved namnelikheit.
Når du marknadsfører verksemda, kan du bruke eit anna namn på verksemda enn det som er registrert. Dette namnet kan du for eksempel bruke på skilt, som logo eller domenenamn. Det registrerte offisielle namnet må likevel gå fram på alle forretningsdokument, som brev, nettsider og fakturaer.
Verksemder som driv næringsverksemd og har ansatte, skal ha ei undereining registrert.
Mange vel eit anna namn på undereininga, som også kan brukast som marknadsføringsnamn. Vær merksam på at eige namn på undereininga ikkje har namnebeskyttelse. Ønsker du namnebeskyttelse på namnet på undereininga eller marknadsføringsnamn som ikkje er registrert som namn på undereininga, må du ta kontakt med Patentstyret.