Registrering innan årsskiftet
Publisert: 27. august 2019 - oppdatert: 14. juli 2023
Skal du registrere i Føretaksregisteret, må du vere ute i god tid.
Elektroniske meldingar
Melding om vedtak om fisjon, fusjon, kapitalnedsetting eller avvikling må vere motteken hos Føretaksregisteret innan 20. oktober.
Gjennomføringsmelding og andre meldingar som er sende elektronisk til Føretaksregisteret etter 12. desember kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av året.
Vi har heilelektronisk saksbehandling av einskilde gjennomføringsmeldingar. Sjå kva gjennomføringsmeldingar vi nå behandlar heilelektronisk.
Meldingar på papir
Må du likevel sende inn meldinga i posten, bør vi ha motteke vedtak om fusjon, fisjon, kapitalnedsetting eller avvikling innan 1. oktober.
Gjennomføringsmelding og andre meldingar på papirskjema som kjem til Føretaksregisteret etter 30. november kan vere vanskeleg å få registrert innan utgangen av 2019.