Hjelper gründerar og nyetablerarar
Publisert: 22. februar 2016 - oppdatert: 23. februar 2016
Brønnøysundregistra og ei rekkje samarbeidspartnarar som Skatteetaten og NAV er å treffe på Starte og drive bedrift-dagar i Narvik, Kvæfjord
Vurderer du å starte bedrift eller er du i gong med eige føretak, så er det tre stader i Nordland du kan få gode tips og råd no i begynninga av mars.
Den 2. mars blir det arrangert Starte og drive bedrift-dagen i Narvik, på Narvik University College.
Den 3. mars kan du få gratis tips og råd på Forsamlingshuset Fram i Kvæfjord, og 10. mars er mange gode hjelparar samla på Fru Haugans Hotel i Mosjøen.
Felles for alle arrangementa er gode foredrag som gjer at du kan lære kva som skal til for å starte og drive ei bedrift på best mogeleg måte. Du får møte ein gründer som fortel korleis det var å starte opp. Du treffer Norid som gir tips om domenenamn, Skatteetaten som hjelper deg med skattar og avgifter, og NAV som fortel det du bør vite om etablering, dagpengar og sjukepengar.
I tillegg får du råd om godt arbeidsmiljø, kapital, finansiering, marknadsføring og sosiale medium. Det aller beste er at du treffer andre i same situasjon, du kan stille spørsmål på stand og du kan skape eit nettverk allereie før du er i gong.